Landsmøtet i K&F er sterkt bekymret for pensjonistenes levekår i forbindelse med statsbudsjettet for 2013

PENSJONISTANE ER DEI STORE TAPARANE I STATSBUDSJETTET!

Forskjellen mellom pensjonistar og dei med lønnsinntekter aukar stadig.  Minstefrådraget for pensjonistar er framleis på 26 %, mens for lønnstakarar er det i år auka til 40%. 

Kompensasjonen for prisutviklinga er betydeleg underregulert ved årets pensjonistoppgjer. Folketrygdavgifta vart ikkje endra for pensjonistar.  Den vart auka frå 3 % til 4,7 % i 2011, og det har vore krav om at denne auken skulle reverserast. 

Den eksisterande urettferdige samordninga av pensjon for gifte og registrerte sambuande med fråtrekk av 15 % av pensjonen, må opphøyre.  Andre sambuarar i nær familie har ikkje dette kravet.  I tidlegare Stortingsvedtak var det intensjonen at dette fråtrekket skulle reduserast ved seinare statsbudsjett.

Landsmøtet i Norges Kvinne- og familieforbund meiner at totalt sett gjev dette dårlegare levekår for pensjonistar flest, og krev at tidlegare Stortingsvedtak vert gjennomførte.

 

For ytterligere kommentarer kan forbundsleder Elisabeth Rusdal kontaktes på mobil: 913 28 164 og nestleder Sonja Kjørlaug på mobil 97515971