Kvart år vert den internasjonale familiedagen markert rundt omkring i verda.

I år er det eit veldig spesielt år for dei fleste, men verst er det for alle dei som no må vere isolert i heimane sine ilag med nokon som utøver vald i nære relasjonar. Spesielt gjeld dette vald mot kvinner og barn. Når barna ikkje lenger går på skule, samfunnet er stengt ned, og den globale resesjonen blir stadig større, aukar stressnivået i familiane. Barna er både ofre for, og vitne til vald og overgrep i heimane. For mange barn i verda er skulemåltidet det einaste faste måltidet dei får i løpet av dagen, og mange vil no ikkje få dette.

Medlemmer av vårt internasjonale forbund Associated Country Women of the World (ACWW) i meir enn 80 land meldar om at alle former for diskriminering av kvinner har auka under pandemien som no har råka heile verda. 25 år etter Beijing plattforma er vi framleis langt unna å oppnå måla som vart vedtatt der.

Dei grunnleggande menneskerettane gjeld og for kvinner. Men den globale pandemien gjer at det er ein stor auke i vald mot kvinner og jenter, i enkelte land vert det rapportert opp mot 30% auke av vald. Desse tala er ikkje rette, for i tillegg kjem alle dei som ikkje vert rapportert inn, så regjeringane har ein jobb å gjere med å samle inn og publisere ikkje berre verknaden av Covid-19 relaterte sjukdommar, men og den omkringliggjande øydelegginga forårsaka av isolasjonen som er pålagt av regjeringane.

Det er desse som allereie er dårleg stilt frå før som merker dei største konsekvensane av Covid-19. Dei som har lav inntekt, dei som opplever vald i nære relasjonar og manglar  meiningsfulle politiske stemmer, som vil få dei største utfordringane i året som kjem.

Vi håper at lærdommen av denne pandemien gjer at alle viser meir omsorg for kvarandre, at det vert jobba mot vald i nære relasjonar og at dei grunnleggande menneskerettane skal gjelde for kvinner og.

Aina Alfredsen Førde

Forbundsleiar