Til Barne- og familieminister

Kjell Ingolf Ropstad

Svelgen 11.11.2019

 

 

 

Utvising av Masha Aghabararian.

Vi les i Aftenposten 9. november at Masha Aghabararian skal utvisast frå Norge fordi ho har oppretta eit enkeltmannsføretak som tannlege.

Masha fødde for seks månader sidan sitt første barn, og UDI meiner det er godt nok at barnet skal ha kontakt med mor gjennom internett. Og at det ikkje er ei uvanleg stor belastning for barnet at mor må reise. Dette er heilt uakseptabelt, barnet er så vidt byrja med fast føde og morsmjølk er hovudnæringa til barnet. Sjølvsagt er det ei kjempestor belastning for barnet at mor må reise ut av landet. Det er her ho får hovudnæringa si frå, og at mor forsvinn over natta er klart ei stor belastning.

Masha Aghabararian har budd i lag med barnefaren i Norge i fem år, og vore gift med han i to år. Dersom dette enkeltmannsføretaket er ulovleg, så får ho få beskjed om det og legge det ned utan at ho må forlate familien sin.

Her må Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad komme på bana, vi kan ikkje godta at folk skal verte behandla på denne måten i Norge. Ungen sitt beste må komme foran det at mor kanskje har gjort ein feil. Det er ikkje berre politikarane som kan feile og få ein ny sjanse, dette må også gjelde for andre.

Vi forventar at Barne- og familieministeren saman med andre i  regjeringa her grip inn, og vi venter på svar om kva som vert gjort.

 

 

Med vennleg helsing

Norges Kvinne- og familieforbund

Aina Alfredsen Førde

forbundsleiar