70 prosent av foreldrene vil ha ettåringen sin i barnehage. Bare 28 prosent kan få plass i dag. Foreldre til barn i kontantstøttealder ønsker plass i barnehage. Ett- og toåringene er sterkt undervurdert av det offentlige, mener Anne Lise Ellingsæter og Lars Gulbrandsen.

Forskingsrapporten syner at det på tross av ei kraftig styrking av barnehagetilbodet framleis er eit stort gap mellom yrkesdeltakinga til mødrer og barnehagedekkinga.

Dette er eit av dei sentrale funna som vart lagt fram av forskingsinstituttet NOVA den 12.01.04. Det er forskarane Lars Gulbrandsen (NOVA) og Anne Lise Ellingsæter (ISF) som har utførd studien.

Flere barnehageplasser
Det er fyrst og fremst mellom eitt- og toåringane at behovet for fleire barnehageplassar er størst, altså dei aldersgruppene som kan søkje om kontantstøtte.

Medan bruken av dagmammaer minkar hos foreldra til dei eldre barna (3-5 år), held dagmammabruken stand hjå eitt- og toåringane. Det er eit sentralt barnepolitisk mål å kunne tilby barnehageplass til alle som ynskjer dette.

Dette er eit mål som endrar seg, og frå politisk hald har ein måtte endra måltala fleire gonger, sist gong til å vere eit tilbod om plass til 80 prosent av alle barn mellom eitt og fem år innan 2005. 

Gratis kjernetid
Allereie før man kunne sjå nokon effekt av løftet om prisfall på barnehagetakstane etter barnehageforliket, hadde etterspurnaden nådd dette nivået. Forfattarane av rapporten meiner at lågare priser vil redusere den sosioøkonomiske skilnaden i etterspurnaden, men ikkje fjerne den.

Eit tiltak som vil kunne avhjelpe desse skilnadane, kan til dømes vere å ta fram att forslaget om gratis kjernetid mellom eitt og fem år, seier forskarane.

Kilde: Forskningsinstituttet NOVA