– Fartsgrensene på norske vegar er ikkje tilfeldige, dei er nøye vurderte. Er fartsgrensa 70 km/t så er det ein grunn til det: At det har skjedd mange ulykker på strekninga. Det seier leiar av trafikktryggingsseksjonen i Statens vegvesen, Finn Harald Amundsen.

Han legg til: – Dette er eitt av dei kriteria vi brukte da vi for to og eit halvt år sidan sette ned fartsgrensene på ein del av vegnettet. I tillegg er til dømes rettesnora at strekningar med mange sidevegar eller av- og påkjørsler får fartsgrense 60 km/t.

Slik har det vore i fleire tiår
Fartsgrenseendringane frå hausten 2001 er no til evaluering, og Amundsen reknar med at resultata er klare ein gong i mai. Då får vi sjå om tiltaka har hatt den effekten vi ønskte, nemleg å redusere talet på trafikkulykker, seier Amundsen.

Han seier vi skal ikkje sjå bort frå at evalueringsresultata vil føre til at vi kjem til å setje ned fartsgrensa på enkelte strekningar og opp andre stader, slik at vi kan tilby trafikantane lengre strekningar med same fartsgrense.

Endrar seg
-I dag har vi mange døme på at fartsgrensa endrar seg ofte på korte strekningar, og da er det vanskeleg for sjåførane å følgje med. Slik ønskjer vi ikkje at det skal vere.

Vi kan ikkje overlate til trafikantane å vurdere kva som er riktig fartsgrense. Fartsgrensene vert sette etter grundige faglege vurderingar, basert mellom anna på ulykkesstatistikk og risikovurderingar, seier Amundsen.

Kilde: Statens Vegvesen