«LØVEMAMMAENE » TILDELT MARIE-PRISEN

I forbindelsen med av opninga av Norges Kvinne- og familieforbunds landsmøte

fredag 22.oktober ble Marie-prisen tildelt «Løvemammaene».

I Grunngjevinga  for tildelinga heiter det:  Marieprisen 2021 blir delt ut til ein organisasjon som består av en gruppe mødrer som kvar dag må kjempe ekstra for sine barn. Dei må bruke mykje energi til å kjempe for rettigheiter som vi andre tar for gitt. Når Solberg- regjeringa endra pleiepengeordninga fekk de nok, og brølte i protest. De fekk namnet Løvemammaer

Løvemammaer, fordi de kvesste klørne, kjempa for barna sine og ga seg ikkje før de vant gjennom. Alle foreldre har vel følt seg som løver iblant, enten dei er mødrer eller fedrar. Dei som er foreldre til sjuke og funksjonshemma barn, må ekstra ofte ta løvehamen på.

I kjølvatnet av pleiepengeaksjonens første haust, ble Snapchat-kanalen Løvemammaene født. Her fortel 12–14 faste snappare om livet med alvorleg sjuke barn. Kanalen har raskt blitt svært populær, og har i dag ca 86 000 følarar.

Gjennomslaget i pleiepengeaksjonen og den enorme interessa rundt Snapchat-kanalen gjorde at dei fekk blod på tann. Det var så utroleg mange fleire kamper å kjempe for rettigheitene til sjuke og funksjonshemma barn og unge. Dei hadde gjort seg mange erfaringar, og var klare for å sette kunnskapen i system: Den 21. februar 2019 stiftet de organisasjonen Løvemammaene.

Ein annan viktig sak de har kjempa fram og fått gjennomslag på er at familiar skal få behalde hjelpestønad når barnet er innlagt på sjukehus i meir enn 3 månadar.

I løpet av tiden de har eksistert, har de vært aktive i media, i møter med politikare og organisasjonar. Dei har nytta seg av sin sterkaste påverkingskanal – sosiale media. Dei har fått fleire gjennomslag i pleiepengesaken og har satt andre saker på dagsorden, som f.eks. BPA til barn og barnepalliasjons team i hele landet. Dei har også oppretta fleire komitéar i Løvemammaene, som skal jobbe spesifikt og målretta inn mot helt konkrete saker som opptar dei. Komitéane består av engasjerte og kunnskapsrike medlemmer som brenner for å bidra til å gjere samfunnet til ein betre stad for sine barn.

Dei kampane som Løvemammaene tar skulle ikkje vore naudsynt å ta i Norge i 2021. Løvemammaene fortener stor honnør for sin innsats.

Prisen vart delt ut av tidlegare forbundsleiar i Norges Kvinne- og familieforbund, Anne Marit Hovstad.

Bilde som ligg ved kan nyttast. På bilde er

 

For ytterleger innformasjon og kommentarar kan Aina Alfredsen Førde kontaktast på mobiltelefon 47337565