“Idè å kle” – Utstilling i Norheimsund i høve  Kristi Skintveit sitt 50-årsjubileum for “KristiAneVev”.  Utstillinga er open til 27. september i Galleri puls, like i sentrum!  

I utstillinga framhevar Kristi Skintveit stoff og plagg ho laga dei første tiåra av karrieren.  Alternativa ho skapte til det fabrikkerte, helst i kunststoff, vart lagt merke til og vart m.a. løna med ein høgthengjande skandinavisk pris, Lunningprisen.  I Hardanger har ho utforska den tekstile husflikdsproduksjonen i regionen, spesielt åkle og ryer.  Det har resultert i bok og fleire hefte, sist om gamle knesokkemønster.  (Henta frå Hordaland Folkeblad, 9.9.14)

———————————————

Strikkekafeen Opplagt inviterer til samling annankvar torsdag – ope for alle strikke og handarbeidsinteresserte.  

Lagleder / kontakt:
Haldis Bakke
Flåten 19
5627 Jondal
Tlf: 990 48 091
E-post: haldis.bakke@outlook.com

——————————-

5-års jubileum for strikkekafeen OPPLAGT i Jondal i 2011

I 2006 bytte Jondal kvinne- og familielag ut medlemsmøta med strikkekafe som etter kvart fekk namnet OPPLAGT. Me starta i lunsjrommet på Rådhuset, men flytta til trivelege Viketunet der me helt til nokre år og stod for kaffi og vaffelservering sjølve. Med nytt vertskap på Gjestgjevarstaden og ønskje om å støtte vinteropen kafe, flytte me dit i 2009.

Me har strikkekafe annakvar torsdag i tilfelle det ikkje høver ein kveld, er det ikkje så lenge til neste. Aktiviteten er populær og medlemstalet i laget er dobla på desse åra, sjølv om ein ikkje må vere medlem for å delta.

Deltakarane kan strikke kva dei vil eller gjere anna handarbeid eller berre vere tilstades med godt humør. Me delar teknikkar og faglitteratur med kvarandre og har stundom gjester som snakkar om eit tema som det vert synt strikk og bilete av. Frammøtet varierer mellom 7 og 17 på vanlege strikkekveldar. Er det annonsert foredrag med noko attåt vert frammøtet ein del høgare.

2010 var eit særleg aktivt år med fleire kåseri og temakveldar og hovudføredrag av Annemor Sundbø som presenterte den nye boka ”Strikking i billedkunsten.” Det var òg året for lansering av Jondalsokken v/Kristi Skintveit med kvinne- og familielaget og prrosjektet Folgefonnlandsbyen Jondal som støttespelarar og strikkekafeen som naturleg haldepunkt.

Jondal Strikkejubileum 065.jpgI høve jubileet har Kristi Skintveit utvikla grytelappar i bomullsgarn, sjå bilete. Utgangspunkt for mønsteret er ein gammal, medteken rest av herrebunadsokkane i Jondal, funnen som pute på ein krakk i Viketunet. Det er ein eldre variant av det offisielle mønsteret for Hardanger.

Til fagleg festkveld i år, har me invitert Karin Rosenlund frå Stavanger som tidlegare har vore designar for Sandnes ullvarefabrikk. Ho driv no firmaet Kallerin Design der ho formgir, strikkar og sel ferdige strikkevarer og materialpakkar  for handstrikking. Ho nyttar Shetlandsgarn i eige fargeutval og held kurs i spesielle strikketeknikkar og i farging i samarbeider med naturfargefirmaet Kolør. Me vart kjende med henne på Handverksmessa i Jondal i 2010.

Styre for Jondal kvinne- og familie lag er; Agnes Hauge (leiar), Haldis Bakke, Hilde Eikemo Eide og Anna Sydnes.

For melding om festkvelden, sjå Nytt fra kretsene

Innsendar, produkt og foto:

Kristi Skintveit.