Jondal K&F-lag gjekk nye vegar og starta strikkekafé som fekk namnet “Opplagt”. No er den 5 år!

OPPLAGT REKORD

Strikkejubileum 076.jpg40 gladlynte kvinner samlast og markerte Strikkekafeen Opplagt i Jondal sitt 5-års jubileum torsdag 17. mars. Det var kvinner frå dei fleste grendene i Jondal og frå Strandebarm, representantar for 3 kvinne- og familielag og ikkje minst for våre nye landsmenn. Styret for Jondal kvinne- og familielag fekk ros for å vera så framsynt og sporty at det vart starta strikkekafè i staden for å leggje ned laget for fem år sidan. Det har resultert i oppsving både i den lokale kvinne- og familierørsla, i aktiviteten og bruken av Viketunet og kafèen på hotellet og har auka strikkegleda på tvers av lag og grender.

Frå venstre: Signe Bruhjell, Gunhild Bråthun, Gjertrud Gjerde og Agnes Hauge

Underteikna presenterte jubileumsproduktet, som er inspirert av eit gammalt, medtatt stoltrekk i Viketunet og dekorerte leiar Agnes Hauge med den spontant oppretta ”opplagde orden”, ein gryteklut med dagsaktuell tekst, for hennar innsats og stayerevne.

Gjesteførelesar Karin Rosenlund frå Stavanger synte fram pledd, sjal og klede til både kvinner, menn og born frå eige firma (Kallerin-design), og fortalde og viste bilete. Ho har fortid som designar for Sandnes Ullvarefabrikk heilt attende til 70-talet, og presiserte kor gøy verksemda som formgivar og produsent er. Ho fortalde òg om kjepphesten sin, som er å få ungdomane, både jenter og gutar, meir interesserte i ei tid det ikkje vert undervist i handarbeidsteknikkar i grunnskulen. Ho hadde freista å rette seg særleg til gutane, men fekk liten respons heilt til det dukka opp stor entusiasme for ein modell. Men så viste det seg at det ikkje var for strikkeplagget, men for jenta som var inni at gløden oppsto.

Rosenlund kursa òg i teknikkar under tema som riller, ruter, remser og såkalla neverkont- og dominomønster, og demonstrerte usynlege sting (madrassting) berekna på montering av strikkeplagg. Lærings- og handleiveren i forsamlinga var så stor at det vart kø kring visningspunkta.

Jubileumskaker kom på borda, og vart ei sydande stemning i festsalen på hotellet denne kvelden, men tida gjekk så altfor fort.

Som takk, i staden for blomar, vart Karin Rosenlund overrekt eit par jondalsokkar, og til slutt orienterte leiingaStrikkejubileum 079.jpg om utstilling i Viketunet til sumaren og vidareutvikling av og framtid for Jondalsokken. Alle var nøgde og vart takka for frammøterekorden.

Les meir om Jondal K&F-lag og OPPLAGT

Jondal 19. mars 2011
Kristi Skintveit. 

Anne-Lise Breievne og Pronpit Vinje studerer Jondalssokkane.