Etter at covid 19 har kome til landet, så har Vik Kvinne- og familielag i Sogn og Fjordane klart å arrangere 2 skulelunsjar til 100 ungdomsskuleelevar (den 22. oktober og den 19. november 2020). Me håpar å kunne arrangera fleire slike måltid i 2021.

Det har nok vore ein del ekstra arbeid no sidan vi må leggja alt på ein tallerken og pakka det inn i glad- pack, slik at det er forsvarleg for å unngå smitte. Elevane set ekstra stor pris på dette, så det er ein fryd å jobba med skulelunsjane. Men det gjer seg ikkje sjølv. Så det er takka vera dei flinke medlemane våre, som deltek på forarbeidet som gjer at dette går knirkefritt. Ei gladmelding til alle medlemane i forbundet, frå  medlemane i Vik kvinne- og familielag

 

Helsing Vik Kvinne- og familielag
V/  Kårhild Melheim Rinde, nestleiar