Kristi Skintveit (medlem i Jondal K&F-lag)stiller ut i Norheimsund.

“Idè å kle” – Utstilling i Norheimsund i høve  Kristi Skintveit sitt 50-årsjubileum for “KristiAneVev”.  Utstillinga er open til 27. september i Galleri puls, like i sentrum!  

I utstillinga framhevar Kristi Skintveit stoff og plagg ho laga dei første tiåra av karrieren.  Alternativa ho skapte til det fabrikkerte, helst i kunststoff, vart lagt merke til og vart m.a. løna med ein høgthengjande skandinavisk pris, Lunningprisen.  I Hardanger har ho utforska den tekstile husflikdsproduksjonen i regionen, spesielt åkle og ryer.  Det har resultert i bok og fleire hefte, sist om gamle knesokkemønster.  (Henta frå Hordaland Folkeblad, 9.9.14)