Etter å ha drive “Bli-kjende-kveldar” i fleire år, har Vik K&F-lag laga kokebok!

Våren 2003 kom det ein del flyktningar til Vik. Som innflyttarar til Vik veit vi at det kan ta tid å verta kjende med folk og bygda. Me ville gjera noko aktivt for å få dei til å føla seg velkomne. Tanken bak var og at me lærde litt om ulike kulturar og mattradisjonar. Praten går lett med mat i godt selskap.

Hausten 2003 starta me med «Bli- kjende- kveldar» på skulekjøkkenet. Meininga var at vi skulle læra av kvarandre og at vi skulle hjelpa innflyttarane med små praktiske oppgåver. Fyrste året hadde vi god hjelp av lærarane Liv Hønsi og Ingebjørg Pedersen. Det var best at vi hadde god planlegging sidan vi hadde kvart vårt språk.  Det vart trivelege kveldar.

Neste haust var vi betre kjende, og ein del av innvandrarkvinnene var blitt flinke i norsk Då vart det  mindre organisering. Nye som kom til vart tekne godt i mot. Me har laga mat frå Burundi, Somalia, Irak, Indonesia og Noreg. Me pratar og lær (det er viktig), viser handarbeid, dansar og lagar mat i lag. Om våren har vi avslutning med tur.

Etter kvart så har vi samla inn mange oppskrifter på både norsk og internasjonal mat, og så var det at me bestemde oss for å lage ei kokebok der me fekk meg  ein del av oppskriftene me har samla. Då kan andre og få gjera seg nytte av oppskriftene, og dei blir nytta av fleire. Det er ofte at lauspapir blir lagde i ei skuff, men våre  oppskrifter blir no  å finna i bokform, og då er det lettare å finna dei att.

Bokprosjektet er eit fint tiltak som vi alle er stolte av.  Lukke til med matlaginga!  Vik - Boka omslag første side.pdf

 

Kontakt Vik K&F-lag for meir informasjon.