Vik lag skipar til “Bli kjende”-kveldar for innvandrarkvinner.

“Bli kjende”-kveldane våre.

Ideen bak: Studieleiaren kom med framlegg om å starte med bli kjende kveldar for innvandrardamene som kom til kommunen vår. Det er omlag 4 år sidan, og tiltaket er i full blomst enno.  Vi informerte skulen, sosialkontor, helsestasjon og flyktningekonsulenten i kommunen, som alle tykte det var ein glimrande ide.  Kommunen ga gratis lokale på skulekjøkenet 1 gong i månaden.
Møtedeltakarane våre er frå Burundi, Irak, Nederland, Thailand og Somalia.  Har dei ikkje barnevakt, tek dei borna med og ein av dei norske passar dei.

Me lagar mat frå dei landa deltakarane kjem frå, så vi har laga: Amadasi=Burundibollar,ogalli, sotankon med kylling, fårikål, kjøtkaker, fiskebollar osv. Medlemene våre tek med saft og syltetøy for å visa at me lagar noko av det som naturen gjev oss/hausting av norsk natur.
Me organiserer tiltaket som ein studiering, og me har fått tilskot frå fylket til integreringstiltak.  Inga deltakaravgift, lager dekkjer kostnaden og stiller med to faste, uløna “lærarar”.

Har dei spørsmål dei lurer på, prøver me å løyse dei i fellesskap: mål og vekt, forklaring på oppskrifter, mat-, strikking og hekling.  Korleis dei skal skaffe seg skattekort, hjelp til å skrive ferievikarsøknad, hjelp til gardinsying, lån av symaskin. Dersom borna skal på tur og dei ikkje har tursekker, så låner dei det av oss.  – Eller vi forklarer bruksanvisninga til miksaren.
Vi syng både norske og utanlandske songar, for mange av deltakarane våre har fantastiske songstemmer.   Etter oppvask og rydding dansar vi folkeviseleik og ynskjer kvarandre vel heim.

Vi har og skaffa oss ein medlem/kontakt som bur i Bergen og kan kjøpa inn krydder og olje til dei, for de er ikkje så mykje slike ting å få tak i i bygda vår.

Me har alltid ein vårtur,  og då besøkjer vi ei anna bygd i kommunen.  Nokre gonger har dei invitert oss heim til seg, så har vi med litt mat kvar.  Det er to ganger at vi har vore i barselbesøk.  Då har vi hatt rømmegraut med tilbehøv med, for det er ein gamal norsk tradisjon.  Sist vår hadde laget vårt krinsårsmøtet, og då underheld Burundidamene våre med song og dans.  Det var eit populært innslag.