60 år til beste for Øystese!
Øystese K&F-lag feira 60-årsdag med stor fest
I samband med jubileet har laget også gjeve ein hjartestartar til bygda.
————————————–
Laget vart skipa 21.2.1953. Før den tid hadde Norheimsund og Øystese eit felles lag i 15 år. Viktige saker var etablering av
- husmorvikarordning
- arbeidsstove for inntil hundre born
- førskule
- leikestove
- treff for nybakte mødre, og ikkje minst
- husflidsmessa, som har vore fast i over tjue år
Laget har også samla inn pengar til skulptur av Øystein Laupsa i Øysteseparken, som vart avduka 17. mai 1997. Laget støttar også allmennnyttige prosjekt i utlandet.
Æresmeldlem Solveig Vestrheim har vore med sidan 1964, og stod for historisk attersyn på festen. Laget har 30 medlemer i jubileumsåret, og er stadig aktiv i nærmiljø og lokalpolitikk.