Kraftsituasjon og pensjon
Kraftsituasjonen og Samordning av pensjonen for gifte og samboande.
Uttalane vart tekne inn i lokalavisa 25.3.2011.
Her er dei:
UTTALE FRÅ ÅRSMØTET I SØRE SUNNMØRE GRUPPE, 16.3.2011
KRAFTSITUASJONEN
Årsmøtet i Søre Sunnmøre gruppe av Norges Kvinne- og familieforbund />har fleire gonger peika på den problematiske kraftsituasjonen i vårt område og krevd at myndigheiten />må gjere noko med dette problemet. Lite har skjedd i desse åra, bortsett frå at straumprisen går til himmels og rasjonering er på trappene. Straumprisen i vårt område er uakseptabel høg og med dei />lange og kalde vinterane vi har hatt dei siste åra har det ramma mange svært hardt./>
Vi krev nå at våre myndigheiter gjer det som må til for å skaffe oss ei trygg og stabil straumforsyning og slik at vi får straumprisar som elles i landet.
Vårt land er i den heldige situasjonen at vi har naturgitte fordelar for å skaffe fram rein og miljøvenleg energi i form av vind og vasskraft. Dette er den reinaste og mest miljøvenleg energien som finns, også stadfesta av miljøorganisasjonar.
Dei seinaste hendingane i Japan gjer at vi også stiller spørsmålet; />ønskjer />vi verkeleg å bygge ut />atomkraftverk i Norge? />Vi ser nå at når uhellet er ute, />har det veldige konsekvensanr />for både miljøet og menneska i uoverskueleg tid./>
SAMORDNING AV PENSJONEN FOR GIFTE OG SAMBOANDE
I pensjonssystemet operer ein i dag med ei ei svært diskriminerande ordning ved at grunnpensjonen blir avkorta med 15% for gifte og samboande pensjonistar, altså par./>
Den nye pensjonsordninga gjer denne urettferdiheita endå større. Den fører />til at det berre er />gifte og i tillegg lavtlønna pensjonistar som framleis skal trekkast 15%, men dersom ein er høgtlønna og kjem over 400.000,- kr, ja, då slepp ein unna avkortinga eller trekk i pensjonen. />/>
Dette blir forsøkt rettferdiggjort av arbeidsministeren i eit TV-intervju der ho grunnga dette med at det er billigare å bo to i lag enn for einslege. Vi spør då om det ikkje blir billigare for />dei som er høgtlønna også å bo to saman. Vi tillet oss vidare />å spørje kvar rettferdigheita er i å ta frå dei lavtlønna, medan dei med mest pensjon slepp unna. Vi stiller også spørsmål til dei andre partia som snakkar varmt om fattigdomsbekjempelse, />som snakkar varmt om familieverdiar og />som snakkar om at dei ynskjer utjamning mellom dei som har mykje og dei som har lite. />Er det berre fine ord? Kvar ligg />rettferda i dette ? />
Norges Kvinne- og familieforbund har som ei prioritert oppgåve å />arbeide for familiepolitiske />verdiar vi vil />på det sterkaste />protestere på denne diskrimineringa som />rammar gifte og samboande pensjonistar som har lav pensjon . Mange av våre medlemmer />har gjennom />heile livet har arbeidt i omsorgsyrke med lav lønn og fortener noko betre./>
Samrøystes vedteke på årsmøtet til Norges Kvinne- og familieforbund, Søre Sunmøre gruppe 16. mars 2011.
Gjertrud Vik, gruppeleiar