Øystese K&F-lag feira 60-årsdag med stor fest

I samband med jubileet har laget også gjeve ein hjartestartar til bygda.

————————————–

Laget vart skipa 21.2.1953.  Før den tid hadde Norheimsund og Øystese eit felles lag i 15 år.  Viktige saker var etablering av

  • husmorvikarordning
  • arbeidsstove for inntil hundre born
  • førskule
  • leikestove
  • treff for nybakte mødre, og ikkje minst
  • husflidsmessa, som har vore fast i over tjue år

Laget har også samla inn pengar til skulptur av Øystein Laupsa i Øysteseparken, som vart avduka 17. mai 1997.  Laget støttar også allmennnyttige prosjekt i utlandet.

Æresmeldlem Solveig Vestrheim har vore med sidan 1964, og stod for historisk attersyn på festen.  Laget har 30 medlemer i jubileumsåret, og er stadig aktiv i nærmiljø og lokalpolitikk.

Nytt frå Styret september 2011

Nytt frå Styret november 2011