Eit nytt tiltak frå Vik K&F-lag – og ein fengjande presentasjon

Denne annonsen fekk både redaksjonell omtale i Sogn Avis og kommentar i Bergens Tidende:

Mammografi – tur frå Vik

Vik Kvinne- og familielag inviterer til ”puppetur” til Bergen.

Brystkreft er den hyppigaste kreftform hjå kvinner. Mammografi er eit godt verktøy for å påvise brystkreft på tidleg stadium. Vi oppmodar difor kvinner i aktuelle aldersgrupper til å vera med oss på ”puppetur” til Bergen!

Laget er oppmoda om å laga tur då kvinner mellom 40-50 år og dei over 70 år ikkje får tilbod frå det offentlege. Dersom det er nok interesse for det, har Vik Kvinne- og familielag tur til Curato Røntgen Bergen tirsdag 22.september 2009. Det vert samstundes høve til å ta beinmåling dersom du vil sjekka om du lir av osteoporose (beinskjørheit)

”Det må vera minimum 15 deltakarar for at me lagar til fellestur” heiter det i meldinga frå Vik Kvinne- og familielag.

Mvh

Vik Kvinne- og familielag

Else Lilleøren