Sogn Avis deler ut julegleder til dei som fortener det!

Sogn Avis har i førejulstida delt ut mange julegleder til Vik Kvinne- og Familielag ved Eva Vatle Skeie og Kårhild Melheim Rinde.  I grunngjevinga står det:

“Vik Kvinne- og familielag fortener å få juleglede for Bli kjende-kveldar for kvinner i Vik, frå inn- og utland.  Målet med tilstelningane er å verta kjend på tvers av kultur, religion og språk gjennom sosialt fellesskap og praktiske gjeremål.  Desse kveldane har vorte svært viktig for mange av våre nye landskvinner til liks med “gamle” vikjer som får utvida horisonten.  Viljen og handlekrafta med tiltaket i laget imponerte frå idestadiet til eit tiltak som har vara i fleire år.  Laget har på denne måten synt evne til å tilpasse sitt engasjement til nye samfunnsborgarar.”

Her er artikkelen med bilde: Vik K&F lag juleglede.pdf

I november hadde laget også Afrika-kveld, der Eva Vatle Skeie fortalde om opplevingane sine etter ein tur til Uganda og Kenya sist haust.  Norges Kvinne- og Familielag deltek i hjelpeprosjekt i dei to landa, og Eva Vatle Skeie fekk vera med.  Sjå eigen artikkel i “kvinner & familie” nr. 4/09 (bladet er lagt ut på heimesida).