Årets begivenhet står igjen for døra.

Om ikkje alt for mange veker skal laget vårt igjen arrangera messe og basar på Bømlo Folkehøgskule.  Som tidlegare år ynskjer me storsalen full av bygdefolk og andre interesserte.

Utstillarar kjem frå sør og nord, aust og vest med mange spennande varer.  Mange kjenner de frå tidlegare år, men i år har me også utvida tilboda frå nye og spennande varer.  Det er gardsprodukt, trevarer, urtedrops m.m,

Av underhaldning får me gladsong av barnekoret Lydius og sjølvsagt blir trekkspelklubben med.

Laurdagsgrauten blir å få kjøpt, samt kaffi og kaker.  Det er berre kvila som blir vanskeleg å kunna stilla med. Me ser fram til å dela ein koseleg dag saman med bygdafolket og alle andre som bryr seg.