Inntak av næringsrik mat gjev inntak av lærdom!

Kirkens bymisjons fattigdomsrapport viser at det er mange barn som lever i låginntekts familiar, og mange av desse ungane har ikkje matpakke med seg på skulen. Mange av dei får ikkje noko varmt måltid i heile tatt i løpet av dagen. Kanskje har dei ikkje ete frukost heller fordi det ikkje er noko mat i heimen.. Når vi les  at « mamma berre sendte med oss samanrulla matpapir så det skulle sjå ut som vi hadde med oss matpakke» då vert vi forbanna, sånn skal  ingen barn i Norge ha det.

Vi er eit av verdas rikaste land, og eit av få land i heile Europa som ikkje har skulemat, dette må gjerast noko med no!

Vi har alle eit ansvar for at alle barn i Norge skal ha det bra, og det å innføre skulemat er ei enkel sak dersom politikarane ynskjer det.

Eit varmt skulemåltid gjev auka trivsel, alle vert meir inkludert og ein får reduksjon av mobbing. Samtidig vert det mindre uro i klassane, og då vert det betre læringsmiljø.

Mange politikara meiner det einaste som hjelper er fleire lærarar, og meir mattematikk. Men utan næringsrik mat klarer ikkje hjernen å ta imot lærdomen.

Skulemåltid forbetrar elevanes oppmerksemd i 6 av 7 studiar. Fordeler knytt til karakterar, i all hovudsaka matematikk, er også funnet i 6 av studiane (GranthamMcGregor 2005)
-”Det er udiskutabelt at ernæring kan spille en viktig rolle mht. i kva grad unge menneske lykkast i sine (skule) prestasjonar (Bellisle 2004)

I august 2008 starta Hundsund Skulerestaurant opp, og det var dugnad frå Snarøya Kvinne- og familielag som fekk dette til.

Mat og måltida er sentrale i våre liv, så som nyting, kjelde til glede, møtestad og kulturell bærer. Matvanane har også betydning for helsa, og det gjelder både barn og vaksne. Bra mat og fysisk aktivitet gjer at barna får det lettare å leike og lære. Barnehagen og skulen har en unik moglegheit til å naturlig fremme en helsebringande livsstil med gode matvanar til våre barn, på en positiv måte. Heim og familie har det grunnleggjande ansvaret, men fordi de fleste barna spis mange av sine måltid utanfor heimen, vil andre vaksne også påverke barnas matvanar. Gode og næringsriktige måltid i eit triveleg miljø kor barn og vaksne et saman gir personalet moglegheiter til å formidle og praktisere en positiv åtferd til mat og måltid.

Vi ynskjer å invitere Barne- og familieministeren og Folkehelseministeren til besøk og orientering ved Hundsund skulerestaurant og sjølvsagt eit varmt måltid.

Med vennleg helsing

Norges Kvinne- og familieforbund

Aina Alfredsen Førde

Forbundsleiar.