Årsmøtet i Søre Sunnmøre-gruppen ved tok uttalelsar om:
Kraftsituasjonen og Samordning av pensjonen for gifte og samboande.

Uttalane vart tekne inn i lokalavisa 25.3.2011.

Her er dei:

UTTALE FRÅ ÅRSMØTET I SØRE SUNNMØRE GRUPPE, 16.3.2011

KRAFTSITUASJONEN

Årsmøtet i Søre Sunnmøre gruppe av Norges Kvinne- og familieforbund  />har fleire gonger peika på den problematiske kraftsituasjonen i vårt område og krevd at myndigheiten  />må gjere noko med dette problemet. Lite har skjedd i desse åra, bortsett frå at straumprisen går til himmels og rasjonering er på trappene. Straumprisen i vårt område er uakseptabel høg og med dei  />lange og kalde vinterane vi har hatt dei siste åra har det ramma mange svært hardt./>

Vi krev nå at våre myndigheiter gjer det som må til for å skaffe oss ei trygg og stabil straumforsyning og slik at vi får straumprisar som elles i landet.

Vårt land er i den heldige situasjonen at vi har naturgitte fordelar for å skaffe fram rein og miljøvenleg energi i form av  vind og vasskraft. Dette er den reinaste og mest miljøvenleg energien som finns, også stadfesta av miljøorganisasjonar. 

Dei seinaste hendingane i Japan  gjer at vi også stiller spørsmålet;  />ønskjer  />vi verkeleg å bygge ut  />atomkraftverk i Norge?  />Vi ser nå at når uhellet er ute,  />har det veldige konsekvensanr  />for både miljøet og menneska i uoverskueleg tid./>

SAMORDNING AV PENSJONEN FOR GIFTE OG SAMBOANDE

I pensjonssystemet operer ein i dag med ei ei svært diskriminerande ordning  ved at grunnpensjonen blir avkorta med 15% for gifte og samboande pensjonistar, altså par./>

Den nye pensjonsordninga gjer denne urettferdiheita endå større.  Den fører />til at det berre er  />gifte og i tillegg lavtlønna pensjonistar som framleis skal trekkast 15%, men dersom ein er høgtlønna og kjem over 400.000,- kr, ja, då slepp ein unna avkortinga eller trekk i pensjonen.  />/>

Dette blir forsøkt rettferdiggjort av arbeidsministeren i eit TV-intervju der ho grunnga dette med at det er billigare å bo to i lag enn for einslege.  Vi spør då om det ikkje blir billigare for />dei som er høgtlønna også å bo to saman. Vi tillet oss vidare  />å spørje kvar rettferdigheita er i å ta frå dei lavtlønna, medan dei med mest pensjon slepp unna. Vi stiller også spørsmål til dei andre partia som snakkar varmt om fattigdomsbekjempelse, />som snakkar varmt om familieverdiar og />som snakkar om at dei ynskjer utjamning mellom dei som har mykje og dei som har lite.  />Er det berre fine ord? Kvar ligg  />rettferda i dette ? />

Norges Kvinne- og familieforbund  har som ei prioritert oppgåve å  />arbeide for familiepolitiske />verdiar vi vil  />på det sterkaste  />protestere på denne diskrimineringa som   />rammar gifte og samboande pensjonistar som har lav pensjon . Mange av våre medlemmer  />har gjennom  />heile livet har arbeidt i omsorgsyrke med lav lønn og fortener noko betre./>

Samrøystes vedteke på årsmøtet til Norges Kvinne- og familieforbund, Søre Sunmøre gruppe  16. mars 2011.

Gjertrud Vik, gruppeleiar