Møter og aktivitetar som er aktuelle i laget vårt

Kvar første mandag i månaden samlast glade damer til møte på Eldresenteret på Kanalen.

Me har det sosialt saman, men me tar kvar gong opp aktuelle saker – både lokalt og sentralt.

Kaffi og mat serverer kveldens vertinner.  Desse har også ansvar for ord for dagen og loddasal /gevinstar.

Me drar også på turar i lag, handleturar, reine koseturar, bowling og det som måtte vera av intersse.

Elles har me stor kafedrift i høve til Kanaldagane, og stor messe og basar kvar haust.

Mykje arbeid – men MEST KOS!!!