Øystese K&F-lag kjøpte i februar ein hjartestartar som gåve til Kvam herad.

Apparatet er no kome på plass i Øystesehallen.  Ingebjørg Bakke, leiar i laget, opplyser at investeringa er viktig for alle som brukar både idrettshallen og fotballbana, ikkje minst born og unge.  Pengane til det livbergande apparatet stammar frå den årlege husflidsmessa i november.

(Kjelde: Hordaland folkeblad)