Mangel på jordmor!
14/06-2021
Dette vart sendt ut til Helseminister Bent Høie, med kopi til helse- og omsorgskomiteen.
Til Helseminister Bent Høie. Oslo 11.06.2021
Mangel på jordmor!
Norges Kvinne- og familieforbund har påpeika mangelen på jordmøre til helseministrane og andre politikarar mange gonger i løpet av dei siste 11 åra. Helseministrane har svart med at vi krisemaksimerer, men vi har sett kvart år og ser det i år igjen at mangelen er stor.
Ca. 1700 jordmorvakter står tomme i sommar. Tala viser tydeleg at vi har hatt rett heile tida. Og ein kan ikkje legge ansvaret over på helseføretaka aleine, her må helseministeren inn med tiltak.
På grunn av mangelen på jordmøre, og at jordmora må vere til stades under fødslane, vert det ikkje noko tid att til å gje barselsomsorg.
No er det på tide med handling ikkje berre ord som ikkje førar til noko. Det må aukast i utdanningsplassar, og ein må gjere utdanninga attraktiv. Samstundes som ein må auke utdanningsplassane må ein kunne gje løn under utdanninga.
Vi krev handling!
Auk utdanningsplassane og støtt dei som ønskjer å utdanne seg til jordmor NO!
Med venleg helsing
Norges Kvinne- og familieforbund
Aina Alfredsen Førde
forbundsleiar
Kopi: Helse- og omsorgskomiteen på stortinget.