Istanbulkonvensjonen og Tyrkia
24/03-2021
Likestillingsminister Abid Raja Svelgen 22.03.2021
Istanbulkonvensjonen og Tyrkia
Rett før helga vart forbundet kjent med, via media at president Erdogan trekkjer landet sitt frå Istanbulkonvensjonen. Vi meiner dette er svært bekymringsfullt.
Fleire hundre kvinner vert kvart år drepen i Tyrkia. Når presidenten trekkjer landet frå forpliktingar som ligg i Istanbulkonvensjonen er dette svært alvorleg for kvinnene i landet.
Videre sa presidenten i ei mediesendt tale, deler vist i norsk TV, at kvinner var grunnpilaren i familien og at deira oppgåve var i heimen og gjere det som var best for familien og at mannen bestemmer over familien.
‘Vi er og bekymra for at andre land kan følgje etter Tyrkia her, og ber derfor regjeringa om å reagere overfor Tyrkia på dette.
Vidare at regjeringa kan ta eit initiativ for å skape internasjonal fordømming av dette.
Vi håper regjeringa reagerer raskt slik at kvinner ikkje vert utsett for auka vald i landet.
Med venleg helsing
Norges Kvinne- og familieforbund
Aina Alfredsen Førde
forbundsleiar
Likelydande brev er sendt til Utanriksminister Ine Eriksen Søreide