Marie Michelet ei sterk og modig kvinne. Hennes innsats der ho danna Hjemmenes vels
landsforbund som seinare vart Norges Husmorforbund som i dag er Norges Kvinne- og
familieforbund. Ho kjempa for familien, men også for kvinner.
Tidleg såg ho betydning av samarbeid på tvers av landegrensene. Dermed vart det til at ho
danna Nordens husmorforbund, i dag Nordens Kvinneforbund.
Saman med fleire var ho ei av ti som danna Associated Women of the World (ACWW). Alt
dette er organisasjonar som framleis er aktive. Alle opptatt av likestilling og politikk for å
betre kvinners kår nasjonalt og internasjonalt.
Marie Michelet er ei kvinne verd å minnast 8.mars. Verdsetjing av ulønt omsorgsarbeid,
valfridom og kvinners helse med blant annet mammografi. Det vart helsestasjon for mor og
barn, helsekontroll for kvinner. I tillegg husmorskular, heimehjelps ordningar mm.
Mykje har vi å takke Marie Michelet for, men framleis må vi kjempe for betre kvinne- og
familiepolitikk.
Kvinnepolitikk må innebere lover og regler som førar til at kvinner får ein fri og uavhengig
stilling i samfunnet, ein rettmessig del av samfunnsgodane og vise at likestillingspolitikk og
kvinnepolitikk ikkje utan videre er det same.
Målet for likestilling er at kvinner og menn skal ha like moglegheiter til utdanning, arbeid,
kultur og fagleg utvikling. Samtidig er det viktig at vi alle respekterer dei val den enkelte
gjer, basert på egne verdiar, livssituasjon og familieforhold.
Fordelinga av godar hos oss tar i stor grad utgangspunkt i lønt arbeid. Ulønt arbeid er lite
verdsett, til tross for den store verdiskapningen dette utgjer i Norge. K&F som organisasjon
har i mange år arbeidet med verdsetting av ulønt omsorgsarbeid.
Kvinners og menns innsats i samfunnet er like viktig, både i lønt arbeid og i heimen.
Likestillingspolitikken skal ikkje hindre kvinner / menn i å bruke tid på foreldrerolla.
Familiens behov må ivaretas på en god måte.
Vi må motvirke ein einsretta politikk der kvinners sjølvstende og eigenverd berre vert målt
gjennom løna arbeid. Respektere at kvinner og menn i periodar kan velje omsorg for barn,
eldre eller sjuke familiemedlemmer.
 Lik kompetanse må gje lik lønn!
 Omsorgsyrke må få eit lønnsløft!
 Ufrivillige deltidsstillingar må reduserast!
Vi må kjempe for fødestover/fødeavdelingar rundt omkring!
På 1970 talet hadde vi 150 og i dag har vi 45 fødestover/fødeavdelingar rund omkring i landet
vårt. Dette gjer at mange fødande får veldig lang reiseveg, og føler seg utrygge.
 Kvinner skal føle tryggleik før, under og etter ein fødsel!
 Følgjetenesta må på plass i alle kommunar der det er lang veg til fødestaden!
 Utdanningstilbodet for jordmødrer må styrkast!
Internasjonalt er det framleis ein lang veg å gå forkvinner til å få likestilling, og gjennom dei
ulike internasjonale fora og lokalt må vi vere med å påverke dette slik at kvinnene kan ta sine
eigne val og gjere bruk av stemmeretten sin.
Alle har rett til å leve eit liv utan vald!
Vald i nære relasjonar har auka betydeleg under pandemien. Dette må vi kjempe mot!

Vi må få auka tryggleiken til kvinner og barn som lever i flyktningeleirar. Kvinner og barn tør
ikkje å gå ut på kveld/natt i frykt for å bli valdteken. Dei bruker bleier om natta, så dei skal
sleppe å gå ut å gå på toaletta.
Vi kan ikkje akseptere at seksuell vald vert brukt som våpen! Dette opplever kvinner overalt
der det er krig og konflikt.
Som de ser har vi mange kampar å kjempe for både i inn- og utland.