Foreldrepermisjon – eit tredje alternativ!
15/03-2021
Svelgen 14.03.2021
Norges Kvinne- og familieforbund ønskjer at foreldre skal ha rett til å velje dei beste løysningane for sitt barn og sin familie.
I dag er det to alternativ for foreldrepermisjon: 49 veker med full lønn eller 59 veker med 80% lønn og permisjonen er tredelt.
Mange foreldre har uttalt at dei ikkje ønskjer fleire barn, for med dagens foreldrepermisjon må mor ut att i arbeid alt for raskt etter fødsel. Med vårt forslag vert ikkje dette eit problem.
Foreldrepermisjon – eit tredje alternativ!
70 veker permisjon med 70% lønn.
- Foreldre får ein betre moglegheit til å velgje dei løysningar som passer best for familien som heilheit.
- Barna får ekstra modningstid og kan bli meir robuste ved seinare barnehagestart enn ved 10 – 12 månader
- Mor/far får anledning til å unngå ulønt permisjon med tilsvarande tap av pensjonspoeng, mens dei venter på barnehageplass. Barn vert ikkje fødd tilpassa opptaksdatoane i barnehagen!
Det pågår ein viktig debatt om kva som er barnets beste – for mange eittåringar er stressnivået høgt allereie etter kort tid i barnehagen. Ein seinare barnehagestart vil gje dei mindre negativ påverknad.
Mange slit med dagens standard/sosiale press om at barnet skal i barnehage og mor tilbake til jobb 7 månader etter fødsel. Utviding av fedrekvoten til 15 veker og tredeling av permisjonen, skapte mykje diskusjon om mors tap av permisjonstid. Ein lovfesta rett til permisjon for far er riktig, men bekymringa om tredelinga er om mor då får nok tid til amming og avvenning.
I dag har foreldre rett til 49 vekers permisjon med 100% lønn, eller 59 veker ved 80% lønn. Vi meiner at moglegheita for 70 vekers permisjon med ei utbetaling av 70% lønn vil tilfredstille alle sitt behov for amming, tilvenning og likestilling.
Å fylgja Helsedirektoratet sine tilrådingar om amming, er vanskeleg å få til med dagens permisjonsordningar.
Alt etter kva tid på året barnet er født, er det ofte vanskeleg å få barnehageplass når barnet er 12 månader med dagens permisjonsordningar.
Med 70 veker vil foreldre sleppe å ta ulønt permisjon fram til dei får barnehageplass. Frå barnet er 12 månader, vil det også være moglegheit for å få kontantstøtte fram til barnehageplass vert teke i bruk.
Ei enkel utrekning basert på ei brutto månadslønn på 30.217,-, vil gi 24.174,- brutto ved 80% lønn, og 21.152,- ved 70% lønn. Etter 12 månader kan barnet få kontantstøtte, 7.500,-, fram til barnehageplass tas i bruk, og totalsum i denne perioden kan da bli 28.652,-.
Forslaget inneberer at ein ikkje får både utvida permisjon og barnehageplass.
Det offentlege/arbeidsgjevar får ikkje høgare utgifter, men det vert fordelt over ein lengre periode. Staten sparer og barnehagetilskot for småbarn ved seinare oppstart.
Foreldre må ha rett til å velje dei løysningane som passer best for familien: eit tredje val av permisjonsordning vil gje dei ei ny moglegheit!
Med venleg helsing
Norges Kvinne- og familieforbund
Aina Alfredsen Førde
forbundsleiar