Foreldrepermisjon
22/04-2021
Høring i følgende sak:
Her er Norges Kvinne- og familieforbund sitt innspel i høyringa.
Familien må få bestemme foreldrepermisjonen sjølve.
Norges Kvinne- og familieforbund meiner at foreldrepermisjonen skal vere til det beste for den einskilde familie, og det er ingen andre som kan fortelje kva som er best for familien. Ei tredeling i likestillinga sitt namn vert heilt feil. Det er framleis mor som går gravid, føder og ammer, dette kan ikkje likestillast uansett.
Ein må gje familiane valfridomen tilbake. Sånn som det er i dag må mor tilbake i jobb seinast når barnet er 7 månader, samstundes som helsedirektoratet anbefaler fullamming til barnet er 6 månader. Dette kan ikkje gjennomførast med dagens foreldrepermisjon. Vi høyrer dagleg om mødre som tar uløna permisjon for det er for tidleg for dei å ut i jobb så raskt etter fødsel. Mange seier og at dei ikkje vil ha fleire barn på grunn av dagens permisjonsreglar.
Det er ikkje alle som jobbar på kontor der far kan ta seg ein trilletur med barnet så mor får amme, enkelte har lang pendlarveg, andre jobbar i Nordsjøen.
Ny forskning viser at Dagens familiepolitikk overser barns behov. Det er skjeldan at det er barnets beste som er målsetjinga for politikken. Barnekonvensjonen forlanger i artikkel 3.1:
Handlingar som vedgår barn som vert sett i verk av styresmakter og organisasjoner, skal først og fremst ta omsyn til kva som gagnar barnet best. Dagens ordning er ikkje til barnets beste , men er tatt utifrå det enkelte politikarar meiner er likestilling.
Det at far ikkje har eigen oppteningsrett til foreldrepengar dersom mor ikkje er i løna arbeid er eit stort problem for dei det gjeld. Då er det jo heller ikkje så viktig at far og barn får mykje tid saman.
Norges Kvinne- og familieforbund har sendt eit innspel til alle politiske parti om eit tredje alternativ til foreldrepermisjon. Vi meiner sjølvsagt at far skal ha foreldrepermisjon, men ikkje på bekostning av mors permisjon. Norge er rettsleg forplikta til å følje EØS`barseldirektiv som seier at mor skal ha 12 veker permisjon etter fødsel, før ein byrjar på på den delbare foreldrepermisjonen. Til barnets beste.
La foreldra få bestemme sjølve! Valfridom!