Forbundsleders brev om kontantstøtten
14/09-2020
Til alle partia på stortinget.
Kontantstøtta er ikkje gått ut på dato! Kontantstøtta er ikkje ei ventestøtte!
Kvifor skal det heile tida vere kva som er best for velferdsstaten? Kva med å snu det til kva som er best for barnet? Det kostar kanskje litt ekstra for velferdsstaten med eit år kontantstøtte, men kva får velferdsstaten igjen for dette seinare?
Vi veit i dag at det er fleire små barn mellom eitt og to år som får auka stresshormonet kortisol i løpet av dagen dei er i barnehagen, samstundes som dette sank dei dagane barna var heime. Veit vi noko om kva dette kan gjere med den psykiske helsa?
Kontantstøtta er med på å gje foreldra eit verdival om å kunne vere heime med barnet til det er to år. Det er barna sitt beste som er det viktigaste, og for eit barn på eitt år er ikkje alltid det beste for barnet å vere i barnehagen. Kva som er rett for den einskilde familie er det berre foreldra sjølv som veit. For enkelte er det kanskje det å vere heime med barnet sitt dette ekstra året som er rett, for andre er det rett å ha barnet i barnehage. Ein reel mogelegheit til å kunne velje omsorgsform for eigne barn!
Ein barnehageplass for ein eittåring kostar staten tre gonger så mykje som ein får i kontantstøtte.
Fød fleire barn har statsministeren sagt i ei nyttårstale, då må vi og leggje meir til rette for at småbarnsfamiliar skal kunne ta sine verdival, ikkje ta frå dei den eine mogelegheita dei har til å ta eit val om å vere heime eitt år ekstra.
Ein burde heller auka kontantstøtta i staden for å fjerne den!
Med venleg helsing
Norges Kvinne- og familieforbund
Aina Alfredsen Førde
forbundsleiar
Svelgen 14.09.2020