Brev til statsminister Solberg om fødesituasjonen på Nordmøre
21/01-2021
Forbundsleiar Aina Alfredsen Førde har i dag sendt brev til statsminister Solberg om fødesituasjonen på Nordmøre.
Til statsminister Erna Solberg. Svelgen 20.01.2021
Fødesituasjonen på Nordmøre!
Norges Kvinne- og familieforbund er sterkt uroa over fødesituasjonen til kvinner på Nordmøre no som fødeavdelinga i Kristiansund vert midlertidig stengt frå februar til oktober 2021. Dette på trass av at Stortinget vedtok 14.mai 2020 at fødeavdelinga i Kristiansund skal driftast forsvarleg fram til det nye sjukehuset på Hjelset står klart.
I spørjetimen på stortinget 20.01.2021 svarte statsministeren at tryggleiken til barn og mor må komme først, då det ikkje er nok kvalifisert personell i Kristiansund. Er ikkje gynekologane tilsett i helse Møre og Romsdal? Då må helseføretaket kunne bestemme at dei skal rullere mellom sjukehusa. Tryggleiken til barn og mor kjem ikkje i første rekkje når ein vel å sende dei fødande forbi det sjukehuset som har barneavdeling på døgnbasis, over eit fjell til eit sjukehus utan barneavdeling. Dersom noko skjer med barnet, må dei fraktast over ein time attende.
No har ei jordmor i Kristiansund uttalt at det ikkje er forsvarleg med lenger reiseveg for mange av dei fødande, og at det ved fleire tilfelle ville gått gale dersom den fødande skulle hatt lenger reiseveg. Ved om lag ein av fem fødslar er det behov for inngrep som akutt keisarsnitt eller at ungen må bli dratt ut ved hjelp av vakuum eller tang, dette kan ikkje gjerast i ein ambulanse. Kven står ansvarleg dersom barn eller mor døyr, eller vert alvorleg skada?
Enkelte av dei fødande har to ferjer i tillegg til køyretida, dei vil få over ein time lenger køyretid. Alle veit at det er vêrhardt område og no skal dei i tillegg måtte over ein fjellovergang. Reisetida er det same som at dei fødande i Oslo vert sendt til Arendal.
Kva har regjeringa gjort for å følje opp stortingsvedtaket? Utanom møter med helseføretaket? Har regjeringa følgt opp kva helseføretaket har gjort for å rekruttere fleire fagpersonar? Det har vore snakka om nedlegging av fødeavdelinga i Kristiansund i mange år, kven vil søkje seg til eit sjukehus som skal legge ned fødeavdelinga?
Når kommunane ikkje klarer å drifte forsvarleg vert dei sett under administrativ styring (robek). Kanskje helseføretaket her burde vert sett under administrativ styring, då dei ikkje klarer å følje opp vedtak gjort av stortinget.
I nyttårstala 2020 bad Statsministeren norske kvinner om å føde fleire barn, samstundes vert det lagt ned fleire fødeavdelingar rundt omkring. Er det å ta ifrå dei fødande kvinnene tryggleiken med nærleik til fødetilboda ei oppmuntring til å føde fleire barn? Det trur ikkje vi.
Nærleik og tryggleik er viktig for kvinner som skal føde!
Stopp nedlegginga av fleire fødeplassar!
Behald fødeavdelingane både i Kristiansund og i Molde permanent!
Med venleg helsing
Norges Kvinne- og familieforbund
Aina Alfredsen Førde
forbundsleiar
kopi: Helse- og omsorgsminister Bent Høie